søndag 11. mars 2012

Novelleøvingar

Oppgave A) augeblikk 1 

Bussturen

-    Endeleg var skolen ferdig, det var tid for å vende nasen heim. Dagen hadde vært uthaldeleg lang, stappa full med prøvar og anna drit og no skulle eg heim, heim til den mjuke, gode senga mi. Heim til ein plass kor eg kan vere for meg sjølv utan ein einaste lyd frå nokon andre. Drøymesituasjon. Eg traska bortover den alt for lange vegen bort til buss nummer 14, og satt meg ned på benken på haldeplassen. Eg måtte ikkje vente lenge før bussen var der, heldigvis var den tom, i alle fall nesten tom. Den einaste som var der var ein stussleg bohem, som satt i det fremste setet. Eg gjekk som vanleg til min faste plass på den tredje bakarste rad. Det var heilt stille rundt meg, kunn ein tynn lyd frå radioen. Det var Finn Bjelke med «20 spørsmål» som speltes. Introduksjonsmelodien hjelpte meg til å heve humøret mitt nokre små hakk, men vegen var fortsatt lang. Etter tre haldeplasser skjedde det som mest sannsynleg er den verst tenkelege situasjonen ein kan oppleve på ein buss. Inn på bussen kom to stykk divaer, av den eldre sorten. Nei og nei tenkte eg. Det høyrdes ut som om dei hadde åte bokstavkjeks, som var på vei opp igjen. Dei kakla som sytti høner på ein gong, «non stop». Det var som om eg blei skutt med ein maskinkanon av ord. Divaene plasserte seg med dei veltrimma pelskåpene på raden rett bak meg, forbanna helvetesmakt, tenkte eg. Det einaste eg trengte var stillheit, stillheit, men det var ikkje aktuelt. Etter å ha blitt prata hål i hovudet, og stemmene deira var godt fastbrent på hjernehinna, kom redningspakken dalande ned til meg. Eg fann eit gamalt headset, som eg hadde i frå førre chartertur til Rhodos. Det var ikkje optimalt, men det stengde ut nokre av frekvensane. Livet var tilbake der det skulle vere, kunn to haldeplassar til, så var eg heime. «Arhhh, livet».







DEL 2:
Oppgåve B)
«Kristian er veldig interessert i musikk»
Når Kristian set seg ned sengekanten, drar fram gitaren, og klimprar i veg, da er han i sitt ess. Det beste han veit er når han stenger ut omverda, og setter i gang med «Stairway to heaven». Han startar med tommelen, fortsette med pekefingere, deretter langefingeren og avsluttar med ringefingeren, før han slår ein rytmisk lyd på strengane. Ingen andre har den same interessa for musikk som Kristian, det finst nesten ikkje eit instrument han ikkje har prøvd å tralle på.


«Pizzaen smakte godt»
Rykande, saftig, tykk, amerikansk, bacon, skinke. Pizzaen var som ein helsing frå gud, kokken måtte ha vært ein engel. Det smakte så godt at eg fekk klump i halsen. Stemninga rundt var som ein oase av roser og myke kaninar. Dama satt i hjørnet spelte på pianoet mens ho song «Chariot», i ein rolig og strippa verson. Aldri før har eg smakt ein så fantastisk pizza, det skal vere sikkert og visst. Hit skal eg komma minst ein gong i veka.

 Oppgåve C)
forsiktig start
For Edvard og Andrea, var det slett ingen enkel sak å få barn, men det var deira høgste ønskje.  Legane meinte dette var noko som låg i genane, og at det ikkje var ein enkel sak å få til. Dei hadde lenge vurdert surrogatforeldre i utlandet, men hadde konkludert med at dette ikkje var den rette løysinga for dei. Edvard hadde snakka om å adoptere, men dette var noko Andrea ikkje ville, så dei var like langt med å skaffe seg unge.


 "In medias res"
 Fosteret var dødt, det var ikkje håp. Håpet som hadde vært der så lenge, var nå berre ein vits. Andrea gråt og Edvard halde arma hennar, og trykte den til brystet sitt. Dei som allereie hadde kjøpt inn vogn, sko og klede, men no sto dette bare som eit symbol på barnet dei aldri fekk.            

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar